Ny utstilling om biologisk mangfald – Vi er alle avhengige av det biologiske mangfaldet. I denne utstillinga vil vi vise både kva biologisk mangfald er, korleis det er i endring og korleis vi forskar på dette. Vi ønsker også å bevisstgjere publikum om årsakene til tapet av mangfald, som i dag skjer i eit alarmerande tempo, seier Terje Lislevand.